No kan du - utan at det kostar deg noko - gje hjertesjuke barn i Sogn og Fjordane 5 % av det du spelar for hos Norsk Tipping!
Grasrotandelen gjev deg som spelar mulighet til å bli med på å bestemme kva noko av overskotet til Norsk Tipping skal gå til. Vi i FFHB Sogn og Fjordane brukar grasrotpengane til aktivitetar for familiar med hjertesjuke barn rundt om i fylket vårt.
Obs! Dette påvirkar ikkje din speleinnsats eller gevinst!
Slik kan DU bli med og støtte oss:
¤ Du kan gjere det direkte i tippedisken hos kommisjonæren, på internett, på mobilen eller på speleterminalane. Då kan du søke opp FFHB Sogn og Fjordane, og aktivere foreninga som grasrotmottakar av din innsats
¤ Oppgje organisasjonsnummer 993 783 676 til kommisjonæren, eller tast det inn om du brukar nokon av dei elektroniske spelemulighetane
¤ Du kan søke fram foreninga på www.norsk-tipping.no. Der kan du skrive ut ein eigen blankett med strekkode på. Denne tar du så med deg til ein kommisjonær for registrering, og dermed sørgar du for at det dryppe litt på hjertesjuke barn i Sogn og Fjordane kvar gong du leverar ein lotto-kupong - eller eit anna spel hos Norsk Tipping
Følg med på innsamlinga:
Du kan sjølv følge med på kor mykje ditt lag eller di forening har klart å generere via grasrotandelen. Dette kan du finne på www.grasrotandelen.no
Hjerteleg takk for støtta!




