Har du fått eit hjertesjukt barn?
- Det er du ikkje åleine om!
Foreninga for hjertesjuke barn i Sogn og Fjordane har mange medlemmer, og vi arbeider mot same mål:
Å skape best mulige forhold for våre hjertebarn.
¤ Vil du bli med i foreninga vår?
¤ Vil du snakke med nokon som har opplevd å få eit hjertesjukt barn?
Sogn og Fjordane fylkeslag har i løpet av året samlingar for hjertebarna med familie.
¤ 4 ganger i året mottar du FFHB sitt magasin Hjertebarnet som inneheld fagstoff og interessante artiklar for og om medlemmane
¤ Eit medlemskap i FFHB gjev ein fin mulighet til å treffe andre i same situasjon. For oss er alle hjertesjuke barn like viktige. Ingen hjertefeil er for "liten"
¤ Kanskje du kan tenke deg å bli støttemedlem for dei hjertesjuke barna her i fylket? Send oss ein e-post eller ta ein telefon til oss
Ta kontakt på telefon 23 05 80 00 eller e-post sognogfjordane@ffhb.no
- Ha stort hjerte for små hjerter -




